Dagsturhytta

Her kan du finne informasjon om alle dagsturhyttene i landet.

Dagsturhyttene er gratis tilgjengeleg for alle døgnet rundt, heile året. Målet med hyttene er å stimulere turglede i trygge rammer, med eit flott turmål 15-90 minuttars gange frå løypestart, der du kan spise matpakka di, varme (evt. tørke) kroppen ved peisen, og kose deg med bøker frå hyttebiblioteket.

Dagsturhytta er di! Bruk hytta inne, ute og så ofte du vil. Og hugs at det også er alle andre si hytte, så respekter at andre kan bruke hytta mens du er der; og forlat hytta slik du vil finne den sjølv.

Det var fylkeskommunen og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som tok initiativ til dagsturhyttene, først i Sogn og Fjordane og så i heile Vestland fylke. Etter enorme besøkstal på hyttene har nye fylke/regionar kopiert konseptet, og fleire er på veg.

Trykk på markørane på kartet for å få opp namn på kvar dagsturhytte og lenke til meir info. Du finn også meir informasjon nedanfor.

Trykk på markørene på kartet for å få opp navn på kvar dagsturhytte og lenke til sider med mer informasjon.